Månedlige arkiver: april 2014

Kortreist misjon var tema for årsmøte

Den einskilde kristne sitt ansvar til å dela evangeliet om Jesus i sitt nærmiljø har hovudfokus i indremisjonsarbeidet. Møta på bedehuset og samlingar i mindre grupper  skal vera til hjelp og inspirasjon for kristenlivet i kvardagen.

Kortreist misjon var tema når i overkant av 50 utsendingar var samla til ImF-Rogaland sitt årsmøte på Nærbø bedehus laurdag 26. april. Misjonsfolket var samla i ynskje om at indremisjonsarbeidet må bli fornya slik at formene appellerer til dei yngre. Ulike nyanser kom fram når det gjaldt tempo i endringsprosessen og moglegheiter for lokal tilpassing.

Bakgrunnen for endringane i arbeidet er at ein dei siste året har opplevd tilbakegang i arbeidet. Få unge engasjerer seg og talet på foreiningar går tilbake. Men nokre utsendingar tok til orde for at ein må ikkje vera for negativ, og peika på at lokalt fleire stader i krinsen skjer det mykje positivt indremisjonsarbeid som er til å gleda seg over.

Årsmøte kunne gleda seg over eit godt økonomisk år for ImF-Rogaland, krinsen hadde eit mindre underskot i 2013 på 42 000 kr. Det var og tydeleg å merka eit positivt engasjement for Ognatun i årsmøte. Ein gleda seg over alle barn og unge som kjem på leirane, og det vart uttrykt takksemd for alle som støtter opp om leirstaden slik at den har god drift og er i positiv utvikling.

Krinsstyret i ImF-Rogaland er slik samansett etter årsmøte: Siw Olrun Stokkeland, Brusand, Toralf Liene, Varhaug, Tarald Gudmestad, Høyland, Gabriel Pollestad, Høyland, (attval), Randi Klingsheim Bø, Klepp stasjon (ny), Jarle Mong, Bryne (attval), Svein Ove Særsten, Sandnes (attval) og Rolf Gunnar Husveg, Riska 1. vara.

Opplegget for årsmøtedagen var også fornya. Etter eit kort forhandlingsmøte der dei formelle sakene vart drøfta, god lunch med god uformell prat, var det tid for Speed-learning. Gruppesamlinger på 15 minutter der ein person får undervise og gruppa kan stille spørsmål.
I løpet av ein time fekk ein her høyre Stortingsrepresentant Bollestad snakka om «Jesus på Stortinget», leiar i Ungdom i oppdrag Andreas Nordli fortalte om «korleis få til Bibel og bønn som familie» Olga Jorunn og Sven Harbo delte erfaringar frå turar til Polen med deira evangeliseringsbuss, og Jarle Mong frå Bryne snakka om «Frukost-klubben».

Over 30 barn var med på eige barneopplegg på årsmøtedagen Eit høgdepunkt der var Familieshow med klovnen «Tulliball». Laurdag kveld og søndag føremiddag var det storsamlingar for heile familien på Nærbø bedehus. ImF-Rogaland satser på familiearbeidet og kunne på årsmøte presentera Anne Birgitte Auestad som familiearbeidar i 50% stilling.

Opplegg og form endrar seg i indremisjonsarbeidet. Men ein merkar på ei slik samling at innhaldet er det same. Jesus er sentrum, evangeliet om Jesus  er så gode nyheiter at det ynskjer ein å dela med flest mogleg.

Olaug Bollestad fortalte om "Jesus på Stortinget"

Olaug Bollestad fortalte om «Jesus på Stortinget»

Familiearbeidar Anne Birgitte Auestad blir presentert av møteleiar Rolf Gunnar Husveg.

Familiearbeidar Anne Birgitte Auestad blir presentert av møteleiar Rolf Gunnar Husveg.


Du kommer vel også på «Sammen-helg»?

Lysbilde11

På kveldsmøtet lørdagen under «Sammen-helg» får vi flott sang av Kjersti Goa Lødemel som akkompagneres av Bjørn Stornes. Andreas Nordli taler og et flott husorkester leder lovsangen. Kom gjerne kl 16.30 og få med deg middag i forkant, men husk å bestille matbilletter til denne middagen på forhånd på 51793880 / rogaland@imf.no Aller helst bør du få med deg hele dagen og alt som skjer!

 

Jarle Mong skal fortelle om «Frokostklubben»

Lysbilde2Under «Speed-learningen» lørdfag 26 april vil Jarle Mong fortelle om et flott tiltak ahn står bak for å skape kontakt, fellesskap og gode samtaler mellom store og små gjennom «Frokostklubben» Dette blir bra! Kom og hør! Vil du vite mer om hva som skjer hele helgen, er programmet for helgen slik:

Program

LØRDAG 26 april:

Kl 09.30                Registrering av utsendinger og deltakere på barneopplegg.

Kl 10.00                Årsmøtet starter i hovedsalen.

Kl 10.15                Barneopplegg for de ulike aldersgrupper starter.

Kl 10.15                Bibeltime for de voksne ved Andreas Nordli. Forsangerteam. Kollekt.

Kl 11.10                Forhandlingsmøte i hovedsal.

Kl 13.15                Lunsj

Kl 14.30                Speed – learning. Andreas Nordli. Jarle Mong. Olga Jorunn og Sven Harbo. Olaug Bollestad.

Kl 15.30                Kaffepause

Kl 15.45                Familieshow med «Tulliball»

Kl 16.30                Middag

Kl 18.00                Stormøte i hovedsal. Andreas Nordli taler. Kjersti Goa Lødemel og Bjørn Stornes . Forsangerteam. Kollekt. Opplegg for barna under talen.

Kl 21.00                Ungdomsmøte ved Nærbø Ungdomslag. Andreas Nordli.

SØNDAG 27 april:

Kl 11.00                Storsamling. Andreas Nordli taler. Forsangerteam. Nattverd .Dåp. Barneopplegg. Kollekt. Kaffe og litt å bite i etter samlingen.