Månedlige arkiver: september 2016

Råd om syn på Bibel og kirkemedlemskap

Å være motstrøms med god grunn

Vi vil stå støtt. Vi vil stå på Bibelen. Guds ord, Bibelen, er vår produsents bruksanvsining  for et godt liv her på jord. Bibelen er også den eneste veiviser til det evige liv. Vi vil stå på Bibelens undervisning fordi vi tror den er god og sunn, og vil derfor advare mot den nye lære kirkemøtet i den norske kirke har innført som sier at de vil velsigne likekjønnede parforhold og vie dem. Vi henviser til ImFs dokument om saken. Klikk på denne linken og les dokumentet: rad-fra-imf-i-kyrkjesituasjonen-anno-2015-2016 Her er god veiledning og råd.

Sølve Eldøy Salte fra Klepp gir på sin blogg vigselstriden.blogg.no tankevekkende grunnlag for den bibelske lære om ekteskapet. Sølve Eldøy Salte meldte seg nylig ut av den norske kirke. Vil du gjøre det samme, anbefaler vi medlemskap i ImF Tro. Informasjon om ImF Tro finner du på vår nettside. Vi vil ikke råde til at alle skal melde seg ut fra den norske kirke, men oppfordrer sterkt til at alle gjør opp med seg selv hvilket forhold en vil ha til Bibelen og til ekteskapsforståelsen.

 

 

Bedehusrevy på Bømlo

BEDEHUSREVY SKAL VISAST IGJEN!

Indremisjonen sin jubileumsrevy som vart sett opp i samband med at IMS (Indremisjonssamskipnaden) feira 150 år i 2014, var så populær at den no vert sett opp på ny. Denne gongen i Bømlo kulturhus 2.oktober.

Sundag 2.oktober vert det Indremisjonsrevy i Bømlo kulturhus. Førehandssalet går strykande og over 100 personar har alt sikra seg billett til framsyninga. IMS feira i 2014 150 år, og i dette høve skreiv Tor Øyvind Skeiseid og Silje Flesjå i Ryfylke Livsgnist eit historisk spel/revy som vart framført for 800 personar i Husnes Idrettshall under jubileumsårsmøtet. Framsyninga varer i litt over to timar og ber tittelen ”Glimt i auga, og gløtt av himmel”. Revyen blei svært godt motteke både av dei som kjende IMS frå før og dei som var meir ukjende med organisasjonen. Responsen lot ikkje venta på seg, og dei måtte setja opp tre ekstra framsyningar. To i Stord kulturhus og ein i Norheimsund Idrettshall. No er dei i gong igjen med øving og denne gongen vert revyen sett opp i Bømlo kulturhus på Bremnes. Dei som ser dette spelet/revyen vil få ein djupare kjennskap til IMS si historie framført med liv, glede, alvor og glimt i auga. Det heile starta med bonden, læraren, og politikkaren Samson Stueland frå Kvinnherad. Han hadde vore med å stifta Det Norske Misjonsselskap i Stavanger i 1842, og det var han som var pådrivaren til at ”Fellesforeningen for den indre mission i Søndhordland, Hardanger og Voss” vart stifta i ei løe i Uskedalen 2.pinsedag i 1864. Revyen har mange ulike scenar mellom anna frå fiskar -og bedehusmiljøet på Bømlo, leirlivet på Brandøy og Helgatun, Framnes ungdomsskule, og fleire kjende (og mindre kjende) personar vert løfta fram i revyen. Det er lokale amatørar som spelar, med god instruksjon av Arne Norbø, fortel Svein Bjarne Aase.

Aase er glad for den store interessa på førehand og ser fram til å fylla kulturhuset. På scenen møter me mellom anna Mariann Steinsland (Stord), Henriette Vyzantios (Stord), Ingrid Heie Hoel (Tysnes), Johannes Olsen (Fitjar), John Inge Rolfsnes (Stord), Jan Ove Fagerheim (Kvinnherad) og Svein Bjarne Aase (Stord). I tilegg vert Fitjarbrødrene med på ein scene og ei ungdomsgruppe frå Bømlo, Stord, Fitjar og Kvinnherad er med i nokre av scenane. Billett kan du kjøpa på førehand ved å gå inn på Bømlo kulturhus si nettside: http://bomlokulturhus.no/program

Du kan lasta ned bileta på:

http://www.filemail.com/d/jjvynordmpekrsh