Felles styremøte

God mat og bordfellesskap høyrer også med når styrene er samla.

God mat og bordfellesskap høyrer også med når styrene er samla.

I går kveld(22.10.13) var Kretsstyret, Ognatunstyret, Imf-Ung Rogaland og alle tilsette på Ognatun

og i kretsen samla på Ognatun. Vi var samla for å bli betre kjent med kvarandre som personer. Og styrene informerte kvarandre om arbeidet og planar framover.
Ei flott samling tillitsvalde og tilsette som ynskjer å leggja til rette for eit levande og veksande indermisjonsarbeid på Ognatun og rundt om i heile Rogaland. Hovudsaka er å få leggja til rette for Jesus slik at fleire kan bli kjent med han og koma til tru på han.

Eit viktig tema for samlinga var også kretsen sitt årsmøte. Det kom fram mange gode tankar og idar om korleis ImF-Rogaland sitt årsmøte kan bli betre og samla meir folk. Vi ynskjer ei årsmøtesamling som kan vera til inspirasjon for alle generasjoner.