Flott 50-års markering for Ognatun

Marit og Irene deltok med tale og song.

Marit og Irene deltok med tale og song.

Siw Olrun Stokkeland las prolog, om leirlivet, skrevet av Synnøve Krosli.

Siw Olrun Stokkeland las prolog, om leirlivet, skrevet av Synnøve Krosli.

Femti år med leirmoro og Bibel

Av Terje Slettebø

Leirarbeid i 50 år og og fornying og utviding av bygningsmassen var hovudfokuset på Ognatun sin jubileumsmarkering.

Søndag 29 juni var omlag 250 personar samla på Ognatun for å markera leirstaden sitt 50-års jubileum. Markeringa starta med prolog som skildra leirlivet på Ognatun. Songevangelistane i Indremisjonsforbundet Marit Stokken og Irene Krokeide Alnes deltok med song og tale.
I talen understreka Irene Krokeide Alnes at Ognatun skulle vera ein stad der unge og eldre kunne få koma og sjå og oppleva Guds herlegdom. Når ho omtalte anlegget og arbeidet syns ho det var riktig å kalla det eit Guds under.

Starten
I 1960 gav Wilhelm og Huldeborg Stokkeland ImF-Rogaland (tidlegare Rogaland Indremisjon) gratis tom på Ognana til å byggja leirstad. Arbeidet med bygget starta sommaren 1963, og stod ferdig til innviing laurdag 27. juni 1964. Det var også fest på søndagskvelden, og tilsaman desse to kveldane på innviingshelga for 50 år sidan var 580 personar innom på Ognatun. Dette talar sitt tydelege språk om at bygginga av leirstad var ei stor og viktig hendig i misjonsarbeidet til indremisjonen. Bygget kosta 300 000 kr, av dette vart 100 000 finansiert gjennom dugnadsarbeid.

Tilbakeblikk
Gjennom eit historisk tilbakeblikk fekk forsamlinga sjå bilete frå straten av utbygginga på Ognatun, der ein på dugnad, men enkle maskiner gjekk i gang og opparbeida tomta. Hovudbygg, internatbygg og matbygget som det siste i 2012 har vakse fram og utgjer Ognatun i dag.
Denne utvikling på leirstaden har vore mogleg på grunn av stor dugnadsinnsats opp gjennom alle år, og eit stort engasjement hjå misjonsfolket som heile tida har sett på Ognatun som viktig for å nå ut til barn og unge med Bibelens bodskap.

Leirarbeidet
I tilbakeblikket vart det også fokusert på leirarbeidet. Dette har vore hovudsaka på Ognatun gjennom 50 år. Mest barneleirer, men også samlingar for vaksne og eldre. Det kom tydeleg fram at grunntanken med leirarbeidet var at dei unge skulle ha det kjekt saman når dei kom på leir, samtidig som ein ynskja at dei unge skulle få bli kjent med Jesus. Leirane på Ognatun har difor våre ei blanding av skjemt og alvor. Bibeltimer, mykje song, aktivtetar, leirkveld med mykje moro, og møter med andakt har følgt leirlivet gjennom 50 år. I lite overslag viser at mellom 40-50000 barn har vore innom på leir i løpet av denne tida.

Ognatun i dag
På jubileet vart det understreka at aktivitetane på Ognatun ikkje berre er historie, men at arbeidet på Ognatun blomstrar i dag. Leirane er populære og der er god påmelding også i jubileumsåret.  Med den nye matsalen er anlegget blitt enda meir populært som lokale både for bryllaup, konfirmasjonar og andre private selskap. Krinsleiar i ImF-Rogaland sa i si helsing at det er ein sprek og oppegåande  leirstad som rundar 50 år. I jubileumsgåve til Ognatun kom det inn kr 52.000, noko som viser at misjonsfolket vil stå bak leirstaden og arbeidet der også inn i framtida.