Flott basarkveld!

Shalom frå Bryne.

Shalom frå Bryne.

Gevinster til åre-trekninga.

Gevinster til åre-trekninga.

 

 

 

 

 

 

Også dette året samla Ognatunbasaren, torsdag 25. sept,  fulle hus på Ognatun. Det er veldig kjekt å merka den fine oppsluttning og omsorg som er for leirstaden vår. Til saman kom det inn omlag 190.000 kr på basare. Ein stor takk til Ognatunforeinga som står bak basaren, takk og til alle andre som bidrog til at ein i fellskap fekk dette fine resultatet på basaren.
Hilde Hetland heldt andakt, og Shalom frå Bryne song. I pausen kunne ein få kløpt smørbrød og kaker. Kvelden vart avslutta med åretrekning og hovudtrekning. Både unge og eldre gleda seg  over gevinster dei fekk med seg heim. Takk til alle som kom og gjorde dette til ein fin kveld for Ognatun og misjonen.