Flott Sammen-helg på Ognatun

Utsendigane samla til ImF-lunsj og årsmøte saker

Utsendigane samla til ImF-lunsj og årsmøte saker

Linkus kom på besøk på familemøte

Linkus kom på besøk på familemøte

Eit yrande liv av barn og familiar var det som ein la mest merke til under ImF si «Saman-helg» på Ognatun 17.-19. april. Her vart det lagt til rette for at alle generasjonar skulle finna seg til rette og ha det fint saman.
Laurdag føremiddag var møtesalen på Ognatun heilt fullsett når ein hadde møte for heile familien. Vigrestad Barnekor deltok med flott song, vi fekk besøk av Linkus og Otto Dyrkollbotn hadde andakt. Utover dagen koste 100 barn og foreldre seg med mange spennande aktivitetar på «Saman tivoli» på uteområde på leirstaden. Denne dagen framstod Ognatun som det misjonssenteret vi ynskjer og det var tydeleg å merka at mange gleda seg over dette.
Årsmøte
Medan mange kosa seg ute i det fine været, var 59 utsendingar samla til ImF-lunsj og årsmøtesaker. I si helsing til utsendingane, 10 fleire enn året før, understreka formann Gabriel Pollestad at diakonien er ei sida av indremisjonsarbeidet som han ynskjer skal bli styrka.- Vår historie har flotte døme på diakoniarbeid i indremisjonen, tidene endrar seg, nå er einsemd vår største folkesjukdom, her kan vi som indremisjon bety ein forskjell, oppmuntra formannen.
Økonomi
ImF-Rogaland fekk i 2014 eit underskot på 26 000. Inntektene hadde stege med 6 % frå året før. Dei viktigaste inntektskjeldene i indremisjonsarbeidet er kollektar og basarar rundt om i lokalforeiningane og fast gjevarteneste.
For Ognatun var 2014 eit meir utfordrande år. Etter rekordåret 2013 (første året med ny matsal) gjekk omsetninga for 2014 tilbake med 700 000. Dette førte til eit underskot på 215 000 siste året. Formann i Ognatunstyret, Odd Narve Grude, kunne opplysa om at aktiviteten på Ognatun er betre igjen i 2015. Men han oppfordra alle til å bruka leirstaden som selskapslokale, til catering og å leige ferieleilegheitene.
Val
Krinsstyret i ImF-Rogaland etter valet er samansett slik: Gabriel Pollestad, Høyland. Svein Ove Særsten, Sandnes, Randi Klingsheim Bø, Klepp stasjon, Jarle Mong, Bryne, Tarald Gudmestad, Høyland, attval, Toralf Liene, Varhaug, attval, Torbjørn Corneliussen, Heskestad, ny, Rolf Gunnar Husveg, Riska, 1. vara., attval og Torunn Ivesdal Gjedrem, Bjerkreim, 2 vara, ny.
Open post
Her fortalte fleire av utsendingane om korleis Gud leia dei i kvardagane slik at dei fekk bety noko for andre og at Gud også kunne bruka heilt vanlege menneske i sin kvardag til å bringa ut evangeliet. Vi fekk og høyra vitnemål om at ein hadde fått hjelpa andre som ynskja å bli kristne.
Speed-leir Gjennom «Saman-helga» var det mange samlingar med undervisning og forkynning. To gonger i helga stod Speed-leir på timeplanen. Her fekk barna i løpet av ein time vera med på alt som skjer på ein leir i løpet av ei heil helg. Eit populært tilbod som barna liker.

Speed-learning
Fleire vaksne var skeptiske når det fredag kveld skulle vera Speed-learning. Her var det 5 personar som underviste samtidig om aktuelle tema. Ein samla seg i mindre grupper rundt undervisaren som hadde 7 min. til å formidla det han hadde på hjarta, så var det 7 min. med spørsmål. Deretter var det val av ny gruppe, tilsaman fekk ein velje 4 grupper i løpet av speed-learningen på ein time. Etterpå var skepsissen bytta ut med at dette var ein spennande og fin måte å formidla aktuelle kristne tema på. Tema denne fredagskvelden var:
«Brigebuilders», «Younglife», «Gud skreiv historie med ImF», «Kvifor tilby service på ekteskapet?» og «Heimar som endrar nærmiljøet»
Forkynning
På Saman-helga var det og god plass til tradisjonell forkynning gjennom bibeltime, Saman fest og storsamling. Forsamlingsleiar i Bergens indremisjon, Glenn Nord-Varhaug var med som hovudtalar. På Storsamlinga søndag oppmuntra han alle kristne til å vera seg bevist det som står i Ef 2.11. « Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk til eigedom, så de skal forkynna hans stordom, han som kalla dykk frå mørkret til sitt underfulle ljos»
Nord-Varhaug var klar i si oppfordring. Det du har mottatt av Jesus kan du med stor frimodighet dela med andre. Indremisjon er at vanlege folk deler dei gode nyheitene som evangeliet er med andre vi møter i vår kvardag. Dette kan og vil Gud bruka til å nå ut til nye, resultata er Guds verk. Slik gjekk Guds rike fram i den første kristne kyrkja, slik kan Guds rike gå fram også i dag. Ingenting er umogleg for Gud, avslutta Glenn-Nord-Varhaug.
Saman-helg
Tretti personar bruka tilbodet om å overnatte og bu på Ognatun denne helga. Krinsleiar Torgeir Lauvås opplever det veldig godt å kunna vera saman ei heil helg og dela fellesskapet i både forkynning, måltid, den gode praten og alt sosialt som fylgjer med å vera saman ei helg.
Han inviterer til ny Saman-helg på Ognatun 8.-10. april 2016.
Referent Terje Slettebø
Foto: Tor Harald Haaland

Runar Landro gav oss glimt frå ImF sin historie på Speed learningen.

Runar Landro gav oss glimt frå ImF sin historie på Speed learningen.

Flott song av Vigrestad barnekor på familiemøte.

Flott song av Vigrestad barnekor på familiemøte.

Bruskassestabling var ein av mange populære aktivitetat på Saman tivoliet.

Bruskassestabling var ein av mange populære aktivitetat på Saman tivoliet.