Indremisjonslag serverte billig middag

For første gong i bedehuset si historie vart det arrangert komlekafé. Spenninga var stor på førehand: Ville det koma mykje folk? Responsen på førehand verka positiv, så ettersom dagen nærma seg, blei fleire komler bestilt. Og då dagen kom, toga folket inn. Spenninga var igjen stor: Ville det bli nok mat til alle desse? Fleire komler vart henta. Alle fekk mat og kunne gå mette heim igjen.

Ein stor takk til initiativtakar, og til kjøkkengjengen (indremisjonsstyret m.fl.) som gjorde ein fantastisk innsats. Rimeleg komlemiddag til sikkert over to hundre menneske, og eit lite overskot som blir sendt til Ognatun.

IMG_6154