Sammen-helg på Ognatun

Sammen-helg 2016 203

Emmaus frå Nærbø song på familesamlinga laurdag føremiddag.

Sammen-helg 2016 249

Sumobryting er gøy!

Barna i sentrum!
-Det viktigaste og mest oppmuntrande denne helga på Ognatun har vore alle barna som har vore med på barnesamlingar og misjonstivoliet. Barna er framtida og det er dei som skal driva indremisjonsarbeidet vidare.

Av Terje Slettebø

Dette sa avtroppande formann i ImF-Rogaland, Gabriel Pollestad, ved avslutninga av ei  svært vellykka årsmøtehelg på Ognatun. Helga 08.-10. april var det fult hus på «Sammen-helg» med årsmøte for ImF-Rogaland. Vaksne og barn var saman med kvarandre for å inspirera kvarandre i indremisjonsarbeidet og saman lytta ein til forkynning for å bli betre kjent med Jesus.

Misjonstivoli
Laurdagen, som er hovuddagen i arrangementet, starta på føremiddagen med familiesamling der møtesalen på Ognatun var fullsett med om lag 170 store og små. Omtrent like mange deltok på misjonstivoliet  etterpå. Her var det 25 ulike aktivitetar å velje mellom. Mest populært var hoppeslottet med sklie medan andre syns det var kjekt med ein roleg kanotur på Helgåvatnet. Overskotet på misjonstivoliet gjekk til Kings Kids som er eit prosjekt som hjelper syriske flyktningar i Libanon.

Sammen-helg 2016 347

Mykje av misjonstivoliet føregjekk på fotballbanen på Ognatun.

Underskot
Samtidig med tivoliet samla 61 utsendingar seg til årsmøte for ImF-Rogaland. Her vart det lagt fram rekneskap for 2015 som viste eit underskot på 407 000 kr. I løpet av året hadde kretsen fått 40 nye faste gjevarar, og rekrutteringa til fast gjevarteneste vil vera ei prioritert oppgåve også framover for å få misjonsøkonomien til ImF-Rogaland i balanse, noko som er ei klar målsetting.

Revisjon av strategi
Kretsstyret la også fram for årsmøte ei orientering om revisjon av strategi og handlingsplanen som vart vedteken i 2013. Innhaldet i orienteringa viser ein på mange områder ikkje har nådd målsetinga. Særleg gjeld dette ynskje om å oppretta smågrupper som ein viktig del av arbeidet. Av tiltak ein har fått gjennomført trekte orienteringa fram julefeiring og interkulturell leir på Ognatun, at kretsen har fått ny heimeside og er meir aktiv på sosiale media. Og at kretsen har tilsett familiearbeidar og arrangert alpha kurs i samarbeid  med ei lokal forsamling.

Frå avlastande til utrustande
Det vart vidare signalisert frå kretsstyret at når ein framover skal arbeida med strategien for arbeidet vil ein prøva å ha fokus på at arbeidet skal vera utrustande, slik at flest mogleg lokalt kan bli utrusta til å driva indremisjonsarbeidet, for slik vil ein nå lengst mogleg ut med bodskapen, evangeliet om Jesus. Ein erkjenner at arbeidet fram til nå har vore for mykje avlastande i staden for uttrustande.

Val
Formann i kretsen, Gabriel Pollestad, hadde vore 8 år i styret og kunne ikkje attveljast. Nestformann, Svein Ove Særsten, hadde vore 6 år i styret og tok ikkje attval.
Kretsstyret i ImF-Rogaland etter valet: Torbjørn Walderhaug, Sunde (ny), Tor Harald Håland, Nærbø (ny), Jarle Mong, Bryne (attval), Randi Klingsheim Bø, Klepp stasjon (attval). Ikkje på val i år, Tarald Gudmestad, Høyland, Toralf Liene, Varhaug og Torbjørn Corneliussen, Heskestad.

Kvila hjå Gud
Det var rektor på Bildøy Bibelskule, Gunnar Ferstad som var talar på «Sammen-helga». Hans forkynning var ekte og livsnær og fekk bety mykje for mange. Fredag kveld understreka han at det viktigaste for ein kristen er å få kvila hjå Gud som eit Guds barn. Og at det er denne kvila hjå Gud som er fundamentet for vår teneste. Som barn er vi umissande hjå Gud, men ikkje som tenarar.

Ekteskapet
På Bibeltimen for vaksne laurdag ettermiddag underviste Ferstad om ekteskapet. At dette er Guds gode skaparordning for samlivet mellom mann og kvinne. Han fekk gje god bibelske vegleiing om korleis ein skal leva i ekteskapet og halda hjarta varmt og mjukt hjå ektefellen. Mange gav uttrykk for at dei var takknemlege  for denne undervisninga.

Ein lekam
På «Sammen-festen laurdag kveld understreka Gunnar Ferstad at vi er  avhengige av kvarandre i det kristne arbeidet. Ein er ulike lemmer på same lekamen. Alle kan ikkje ha same oppgåve, då fungerer ikkje lekamen. Saman skal vi fungere som ein heilskap, då er det positivt  at nokon er flinkare enn oss og det er ikkje farleg om nokon «går forbi» oss får gjort meir enn kva vi kan. Ein skal få vera seg sjølv og Gud har bruk for ein der ein er med den utrustinga Gud har gitt den enkelte.

Ein klok far
På Storsamlinga på søndagen var talen om den bortkomne sonen i Luk 15. Her vart det sett fokus på at denne faren var klok, sonen som forlot heimen fekk gå og fekk med seg arven. Ein skal vera klok, gje dei arven, støtta og hjelpa dei så langt ein kan, også dei som vel annleis enn vi ynskjer, då er det lettare å koma «heim» igjen. Vidare vart det fokusert på at faren var mild og nådig. Sonen fekk koma heim igjen og begynna på nytt. Slik er vår himmelske far. Og faren i luk 15 er tydeleg. Son min var død men er blitt levende igjen. Det handlar om himmel eller fortaping for oss menneske. Den bortkomen sonen hadde ingen bor som ville ta imot han når han kom heim Den som trur på Jesus har ein bror som ventar i himmelen og som vil dele sitt rike med den enkelte som trur, avslutta Gunnar Ferstad.

Plass til fleire
Når kretsleder Torgeir Lauvås i etterkant oppsummerer Sammen-helga gjev han først og fremst utrykk for stor takknemlegheit. Han gleder seg over fult hus, alle overnattingsrom var i bruk, på Ognatun, godt ver, gode samlingar for store og små. Det einaste som kan bli enda betre er om vi klarer å få fylt opp møtesalen på kveldsmøta og søndag føremiddag. På desse opne møta er det plass til fleire understekar han og inviterer til «Sammen-helg» på Ognatun  21-.23. april i 2017.
NB! Nokre har allereie meldt seg på!!