Fakta om ImF Trossamfunn

  • ein del av Indremisjonsforbundet (ImF) som er ein evangelisk-luthersk misjonsorganisasjon med sentraladministrasjon på Bildøy og med krinsar, byforsamlingar og foreiningar ulike stader i Noreg.
  • vart oppretta av ImF’s styre den 5.september 2009, basert på vedtak under ImF si generalforsamling i juli 2009.
  • vart offisielt registrert den 4.november 2009.
  • er eit formelt tilbod til dei som ønskjer å vere kyrkjerettsleg registrert, og som ikkje ønskjer å vere det gjennom andre kyrkjesamfunn.
  • driv i samsvar med ImF sitt evangelisk lutherske grunnsyn og organisasjonen sine prinsipp.
  • har eit eige styre. 
  • har offentleg registrerte forstandarar som har avgitt erklæring om å føre medlemsregister og elles forvalte trussamfunnet sine plikter. Liste over forstandarar

All møteverksemd og alle aktivitetar vert normalt drive i regi av det lokale eller regionale organisasjons- og misjonsfellesskapet. Det betyr at om ein ønskjer dåp, konfirmasjonsarbeid, gravferd, eller vil ta del i nattverdfelleskapet, tek ein kontakt med den lokale forsamlinga på Bedehuset. Om forsamlinga ikkje har kapasitet, eller ikkje tilbyr det du ønskjer, tek ein kontakt med krinsleddet i ImF eller ImF sentralt. Kontakt ImF her.

ImF Trossamfunn fekk godkjent vigselsrett 4.desember 2009. Dersom ein ønskjer vigsel,  må ein ta kontakt med ein av våre forstandarar, då det berre er desse som vil vere offentleg godkjende vigselsmenn.

MEDLEMSKAP

For å melde seg inn, forutset vi at ein identifiserer seg med organisasjonens formål og basis (komplette vedtekter finn du her, som pdf-fil). Vidare krev offentleg lov

• at ein ikkje tilhøyrer eit anna trussamfunn

• at ein er norsk statsborgar eller busett i Norge

• at ein har fylt 15 år

Vi har lagt ut eit utmeldingsskjema Dette vert og nytta ved utmelding av ImF Trossamfunn. Elles har dei ulike trussamfunn som regel eige utmeldingsskjema, om ein ønskjer å bruke det.

Ein melder seg inn ved å skrive ut, signere og sende inn vårt eige innmeldingskjema (pdf-fil). Born som vert fødde medan foreldra er registrert i trussamfunnet, vert automatisk medlemer. For å melde inn born som er under 15 år og fødde før foreldra melde seg inn, nyttar ein eige skjema (pdf-fil). Offentleg lov seier vidare at når barnet er 12 år eller meir, skal det få seia si mening om innmelding eller utmelding, om det let seg gjera. Sjå her for andre avklaringar, eller til komplett lovtekst for «Lov om trudomssamfunn og ymist anna.»

Ønskjer du heller skjema tilsendt i posten, ta kontakt med ImF.