Egil Vigdel, leder i kretsstyre                                              Odd Narve Grude, formann i Ognatunstyret

Utfordrande økonomi og vilje til å tenke nytt

Eit samla årsmøte sa ja til å gå inn i ein forpliktande prosess saman med ImF sentralt og dei andre kretsane, der ein dei neste tre åra skal finne fram til ein mest mogleg tenleg organisasjon og struktur for å nå ut med misjonsoppdraget.

Av Terje Slettebø

Tysdag 08. sept. var 52 utsendingar samla på Ognatun til årsmøte for Imf-Rogaland. Møtet var utsett frå april på grunn av Koronasituasjonen. Det fungerte så godt å samlast på ein kvardagskveld i staden for på ein laurdag som har vore tradisjon i alle år at styret vart bedt om å vurdere dette som fast ordning.

Underskot
Den økonomiske situasjonen i kretsen var også sentral i årsmøte. Rekneskapen som var lagt fram for 2019 viste eit underskot på 444 000. Rekneskapen viser også at det er testamentariske gåver som har redda økonomien fleire år for kretsen. Med denne bakgrunn fekk kretsstyret tilslutning til eit arbeid der ein vil gå i dialog med både lokallag, kontaktpersonar og forsamlingar i ImF-Rogaland for å utfordre til å vera med og ta ansvar for kretsen sitt arbeid gjennom å bidra økonomisk. Styret vil og ha fokus på fast gjevateneste og vil mellom anna utfordre alle faste gjevarar til å auke sitt månadsbeløp med 50 kr.

Tydeleg og frimodig
Det var ein klar stemning i årsmøte for at ein måtte ha fokus på å auke inntektene og ikkje redusere aktiviteten. Det vart også understreka at ein må både vera tydeleg og frimodig på kva arbeid ImF-Rogaland driv og skapa engasjement for arbeidet. Det vart også uttrykt i årsmøte at ein også i misjonsarbeidet må sjå på om arbeidet kan effektiviserast.

Tenleg struktur
Desse økonomiske utfordringane er eit viktig bakteppe for den prosessen som ImF-Rogaland nå forplikte seg til å gå for å finne ein mest mogleg tenleg organisasjon og struktur. Årsmøte valte ei gruppe på 7 personar som særleg skal arbeida med dette. Desse er ledar av kretsstyret Egil Vigdel, kretsledar Torgeir Lauvås, leder for Imf-Ung Rogaland Anne Berit Aarsland, Svein Ove Særsten, Fredheim, Laila Mong, Egersund Indremisjon, Svein Arne Fasseland, Bedehuskirken og Maria Hauge, Bore Bedehusforsamling.

Ognatun
Formann i Ognatunstyret, Odd Narve Grude, orienterte om eit godt arbeidsår på Ognatun i 2019 der drifta var i balanse. Han retta ein særskild takk til alle som var med på dugnad og dei tilsette. Han framheva også godt samarbeid med hå kommune og gode kommunale støtteordningar.
Men 2020 hadde så langt vore eit krevjande år for Ognatun med så godt som ingen aktivitet frå mars til juli. Nå var aktivitet i ferd med å ta seg opp igjen og Grude var takknemleg for at Ognatun hadde økonomisk grunnlag for å koma gjennom ein slik knekk.

Nytt kretsstyre
På årsmøte vart det valt inn 4 medlemmar til kretsstyret. Etter valet er styret slik samansett: Egil Vigdel, Ræge,  Edel Refve Hauge, Klepp stasjon, Tarald Gudmestad, Høyland, Geir Inge Byberg, Bore, (attval), Sofie Braut, Hognestad,(ny) Kari Helen Garheim, (ny) Klepp stasjon, Reidar Røyland, Sandnes(ny) og Inger Klungland Tynning, Orstad (1. vara)

Samtale
Under open post vart det understreka at vi må oppmuntra kvarandre og at vi må sjå moglegheitane, og ikkje alt som er vanskeleg på grunn av kornanedstenging. Årsmøte vart minna om at ein blir aldri for gammmal til å be og ordet «Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille» 2 Mos 14.14, vart også trekt fram.
I samtalen vart det også sett fokus på Mentornettverket,  Ungleder trening Norge, og at det er fint å samarbeida med andre organisasjonar om ulike tiltak.