Leidartreningskonsulent i ImF-Rogaland:

-Ynskjer å få fram gullet i den enkelte!

Av Terje Slettebø

Den 1. august starta Ester Frantzen Aarsland , 28 år, opp i ein 30% nyoppretta prosjektstilling som Leiartreningskonsulent i ImF-Rogaland.

Ester kjem frå Bergen, men bur nå på Vigrestad, er gift og har eit barn. Ho er utdanna sosionom og har også 1 års studium i «verdibasert endringsledelse». I 10 år har ho vore med og drive ungdomsarbeid og syns det er kjekt å jobbe med ungdom. Ester har eit brennande ynskje om at dei unge skal heilhjarta fylgja Jesus og gå inn i det han har lagt ferdig for dei.

Kva blir dine oppgåver som leiartreningskonsulent?
-Fokuset blir på leirledarane og fylgja dei opp gjennom relasjon på leir. Min oppgåve blir å trene leiarar, sørge for at leiarane på leir blir utrusta og ivaretatt. Det blir viktig å sjå den enkelte og leda dei vidare ut frå det nivå dei er på. Eg ynskjer å få fram gullet i den enkelte, seier Ester. -Som leder er ein eit forbilde, mitt ynskje er å hjelpa dei til å bli heilhjarta leiarar som lever med Jesus i kvardagen.
Ein av dei første oppgåve til Ester blir å vera talar på tenleiren i september, utover hausten blir det og nokre besøk i lokale lag.

Ester har eit stort hjarta for ungdom, difor var ein slik stilling som dette interessant for henne. Ho syns det er spennande å tenke nytt og forme ein ny stilling. Men det viktigaste er å koma tett på ungdommen og hjelpa dei nærmare Jesus og disippelgjera dei, men også utrusta dei til å kunna disippelgjera andre i sin kvardag.

Når Siste Indre har denne samtalen med Ester har ho berre vore på jobb nokre få dagar, men ho gjev uttrykk for at ho har fått eit godt førsteintrykk: -Eg er blitt tatt godt imot og her er flotte kollega som er opne og gjev støtte til det eg skal driva med.