Flott Sammen-helg på Ognatun


Erik Furnes                                                                  Hannanja

Barn og familiar i sentrum

Eit godt og variert opplegg for barn og familiar prega ImF-Rogaland si «Saman-helg» (årsmøtehelg) på Ognatun 20.-22. april. Men inn i opplegget var det også funne plass til årsmøte der 70 utsendingar møtte fram, dette er 10 meir enn i fjor.

Den viktigaste saka på årsmøte til ImF-Rogaland var revisjon av lovene der ein nå opna for at ei kvinne kan vera leiar av kretsstyret. Samtidig held indremisjonen fast på at her er ei lære og hyrdeteneste som berre er for menn. Difor vedtok ein i revisjonen av lovene på årsmøte at kretsstyret skal utnemne 3 menn til å sitja i Lære og hyrderådet til ImF-Rogaland. Det var stort fleirtal for lovendringa og liten debatt i årsmøte om saka.

Kretsstyret i ImF-Rogaland er slik samansett etter valet på årsmøte: Tarald Gudmestad, Høyland, Egil Vigdel, Ræge, Torbjørn Walderhaug, Sunde (attval), Stine Terese Erga, Orre (ny), Torunn Ivesdal Gjedrem, Bjerkreim (ny), Håkon Haugland, Nærbø, (ny) og Geir Inge Byberg, Bore (ny)

Rekneskapen for kretsen viste balanse, men for 2018 har ein budsjettert med underskot på grunn av ein forsiktig auke av tilsette medarbeidar. Med dette som bakgrunn vart det oppfordra til fast gjevarteneste, og utfordringa fekk god respons. I løpet av Saman-helga på Ognatun vart den faste gjevartenesta auka med 70 000 kr.

Drifta på Ognatun går godt, aktiviteten er stor, og for å auke kapasiteten på antall overnattingsrom byggjer ein nå om deler av underetasjen i internatbygget til 8 dobbeltrom.

Av tilboda for store og små på Ognatun denne helga kan vi nemna, misjonstivoli, Jesusfest, familiemøte, Spedleier, Film, Saman fest, Storsamling, og ungdomsmøte. Anne og Erik Furnes frå Imf-sentralt var med som forkynnarar på fleire av samlingane.

Vinterbasar/komledag i Egersund og på Bjerkreim

LØRDAG 10. FEBR.
Kaffe med rullelappar på Egersund bedehus frå ca kl 10.00
Kl 12.00, andakt av Aud Torunn Nesvåg, sang av Tone Allis og Hans Egil Rødland.
Komlesalg og rullelappar
Vinterbasaren komlesalgarkivfoto

Kl. 12.30 Bjerkreim bedehus, komlesalg og rullelappar
KL. 18.00 STOR BASAR på Bjerkreim bedehus
Andakt av Torgeir Lauvås, sang av Tone Allis og Hans Egil Rødland.
Alle er velkomne!  Arr. Egersund og Bjerkreim indremisjonsforeninger.