Reidar Røyland t.v. overtar som kretsleder i ImF-Rogaland
frå 01 aug. Torgeir Lauvås t.h. vart takka for 15 år som kretsleder.

 

Eit samla årsmøte i ImF-Rogaland gjekk inn for kretsstyre sitt forslag om å prøve ut nettverksmodellen til å organisere indremisjonsarbeidet framover. Med dette fekk kretsen landa ein 5 år lang organisasjonsprosess. Hovudtanken i den nye modellen er at leirarbeidet på Ognatun framleis blir kretsen sin oppgåve. Og at ein byggjer nettverk mellom forsamlingane/foreiningane der ein deler erfaringar og kompetanse og hjelper kvarandre i det lokale arbeidet.

Tekst og foto: Terje Slettebø

På årsmøte 23. april på Ognatun var 47 utsendingar samla.  Det vart markert at  Torgeir Lauvås takka av etter 15 år som kretsleder i ImF-Rogaland. Han fekk varm takk av årsmøte for det store og flotte arbeidet han har gjort for ImF-Rogaland. Tilsaman har han vore tilsett i kretsen i 19 år. Frå 01. mai går han inn i 100% stilling som ein av pastorane på Fredheim, Sandnes.

Ny kretsleder
Som etterfylgjar vart Reidar Røyland presentert for årsmøte som ny kretsleder i ImF-Rogaland. Han vil frå 01. aug. gå inn i ein 50 prosent stilling i eit engasjement på eit år som kretsleder.
Kretsen har valt å satse på kretsleder i 50% stilling både på grunn av krevjande økonomi og som eit ledd i å innføre den nye nettverkmodellen der meir ansvar for arbeidet blir flytta frå krets til lokale forsamlingar.

Forkynning
Reidar Røyland sa at han ynskjer innspel i arbeidet og er glad for forsamlingar, foreiningar og lag som tar kontakt. Som kretsleder vil han i tillegg å legge til rette for nettverksbygging drive med forkynning og brenn for å få på plass eit forkynnarnettverk. Røyland understrekar at det er viktig at ImF-Rogaland held fast på  denne identiteten.

Kretsstyre
I valet til kretsstyre vart Svein Risdal , Riska attvalt og Lillian Skretting, Varhaug og Helge Ims, Sandnes, valt inn som nye medlemmer. Sigve Kydland, Varhaug vart 1 vara. Frå før er Kari Helen Garheim, Klepp stasjon Geir Inge Byberg, Bore, Reidar Røyland, Sandnes og Grete Thorsen, Bore medlemmer av kretsstyret.

Underskot
Økonomi var også eit sentralt tema under årsmøte. Både ImF-Rogaland og Ognatun merkar at vi er inne i ei dyrtid og la fram rekneskap med underskot. Underskotet i kretsen var på 431 000 kr. For å kome i balanse i 2024 har ein valt å tilsetja ny kretsleder i 50% stilling. Kretsen ynskjer å spare i dei administrative stillingane medan ein vernar om barne og ungdomsarbeidet. Det er eit samla ynskje i misjonsfolket og hjå tilsette medarbeidarar om å satsa på leirarbeidet framover. Men ei stor utfordring er å skaffe nok frivillige leiarar!

Stor aktivitet
For Ognatun vart underskotet i 2023 på kr 880 000, før avskrivingar. Det er gjort tiltak i personalet i vintermånadane, som er spesielt utfordrande, for å få ned kostnadane. Oppussing av dei siste romma i Internatbygget er sett på vent. Det er heldigvis stor aktivitet på Ognatun framover og styret har lagt opp til eit budsjett  for 2024 som har eit underskot på 600 000 inkludert avskrivingar.

Gode nyheiter
ImF leder, Runar Landro, var med og heldt minibibeltime i starten av årsmøte. Tema for timen var: «Sjå, eg gjer noko nytt» Bodskapen til årsmøte var at alt Gud gjer er gode nyheiter. For Israelsfolket i Egypt var det gode nyheiter når Gud sa dei skulle stryka blodet av offerlammet på dørstolpane og dørbjelken. Blodet var deira redning når Gud skulle gå rundt i landet og slå i hel alt førstefødt. «Når eg ser blodet vil eg gå forbi dykk. Ikkje eit einaste drepande slag skal råka dykk når eg slår Egypt. 2. Mos 12.13

Får Gud bruka oss?
Vidare minna Landro om ofringane i GT av mange ulike dyr. Dette peika fram mot Jesus, når Gud handla og ofra Jesus ein gong for alle. Hebr. 10.14  Ei ny understreking av at alt det Gud gjere er godt nytt for oss menneske. Vi i Noreg fekk også del i dette: «Du sende ditt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde.» I år markerer vi 1000 år-jubileum for kristenretten. Runar la ikkje skjul på at i vårt samfunn i dag er stadig mindre og mindre påverka av Guds ord og Jesus. Men Gud gjer noko, Gud kan gjera noko nytt også i vår tid. Og her hadde ImF lederen ein ransakande bodskap til årsmøte: -«Vi har livets rett som arbeidsfellesskap om Gud kan få bruka oss, får han ikkje bruka oss finn han nokre andre»

Til slutt i mini bibeltimen var årsmøte minna om at Guds barn har alltid det beste i vente. Ein dag skal alt bli nytt. Ein ny himmel og ei ny jord. Joh åp. 21. 5 «Sjå eg gjer alle ting nye! Og han seier til meg: Skriv! For desse orda er truverdige og sanne»

Kommende arrangementer

jun
3
man
17:00 Glad sang dager på Ognatun
Glad sang dager på Ognatun
jun 3@17:00-jun 6@13:30
Glad sang dager på Ognatun @ Ognatun
Her kan du sjå programmet for Glad sang dagene på Ognatun: Gladsang-dager program (1)

Siste nytt fra kretsen