«Å bli ett»
Eit kurstilbod før ein gifter seg.

Anne Birgitte og Asbjørn Auestad har vore på kurs og blitt godkjente til å vera leiarar på kurset «Å bli ett – førekteskaplig veiledning»

 

Ekteparet Auestad brenn for at både par som skal gifta seg og par som er gifte, investerer i parforholdet. Dei har i fleire år vore med og arrangert ekteskapskurs, og nå vil dei ha fokus på par som skal gifta seg. «Å bli ett» er eit kursopplegg som er utarbeida av Familiefokus, som er «Ungdom i Oppdrag» sitt familiearbeid. Opplegget er tydeleg bygt på Guds ord og bibelske prinsipp for ekteskapet.

Anne Birgitte og Asbjørn ynskjer og trur at dette kurset vil vera til hjelp før eit par går inn i ekteskapet. -Her får vi dela erfaringar vi har gjort i vårt ekteskap og vi blir som eit mentorpar som kan gje viktige innspel med på vegen inn i ekteskapet, seier Asbjørn. Og Anne Birgitte legg til -Av og til vil nok også eit slikt kurs vise eit par at forutsetningane ikkje er til stades for eit livslangt ekteskap, så ein bør vente med å setja bryllaupsdato til etter kurset.

Kurset vil haldast heime hjå Anne Birgitte og Asbjørn, og det vil vera berre eitt par som tek kurset om gongen. Det er lagt opp til mykje samtale mellom desse to para i kurset som vil gå over 7 samlingar på 1 til 1,5 timer. Paret vil få ei kursbok og dei to vil få litt heimelekse mellom samlingane.

Korleis er det å vera saman om å vera kurshaldarar?
-Det er fint og alltid positivt å gjera noko i lag som ektepar, spesielt fint å gjera noko i lag som er så viktig og kan bety mykje for andre. Gjennom å vera kurshaldarar for andre må vi også setja fokus på eige ekteskap, vera i lag og snakka i lag. Det er bra, for vårt eige ekteskap må jo også pleiast. Det er viktig å ta tid til kvarandre. Alle ektepar skulle hatt eit kurs i året, er ekteparet Auestad einige om.

Dette kurset er for alle og Anne Birgitte og Asbjørn trur alle par vil ha utbytte av kurset. -Når ein er ung er det godt å få vegleiing og ha nokon i ryggen når ein går inn i eit ekteskap som skal vare livet ut. Kurshaldar – paret meiner unge i dag treng støtte for tanken om at ekteskapet er livslangt, for dette er ein tanke som blir utfordra i dagens samfunn. Dei peiker også på travelheit, statusjag og økonomi som utfordringar til ekteskap i dag. I alt dette jaget kan det lett bli for liten tid til å pleie ekteskapet.

Ynskjer nokon å ta dette kurset er det berre å ta kontakt med
Anne Birgitte og Asbjørn Auestad.
Tlf: 920 90 232
Mail: ab.auestad@imf.no